Sidan Teknologirådet lanserte vår første ordliste for kunstig intelligens i 2023, har mange nye ord og uttrykk fått fotfeste. I denne ordlista har vi samla alle uttrykka. Lista finst òg på bokmål.
Ordlista er meint som hjelp og inspirasjon for andre, ikkje som ein fasit. Takk til Språkrådet som har gjennomgått ordlista og gjeve oss innspel til korleis ho kan bli betre.
Oppslagsord
- antropomorfisering
- bias
- ChatGPT
- dataforgifting
- digital førestillingsevne
- direkte instruks
- dritifisering/skitifisering
- finjustering
- flyttalsoperasjonar per sekund
- førehandstrening
- forsterka læring med menneskeleg tilbakemelding
- framveksande eigenskapar
- fritert (kokt) hjerne
- generativ kunstig intelligens
- grunnmodellar
- hallusinasjon
- hjerneròte
- instruks
- instruks med eitt døme
- instruks med fleire døme
- KI-agent
- KI-avkleding
- KI-samtalebottar
- KI-bløff
- KI-generert jobbskvip
- KI-individualisme
- KI-psykose
- KI-skvip
- KI-sverm
- KI-ven
- kognitiv latskap
- kunstig generell intelligens
- kunstig nærleik
- multimodal
- nøktern KI
- merksemdsutvinning
- overført læring
- parametrar
- prosessering av naturleg språk
- samsvarsproblemet
- smiskande KI
- sperrer
- språkteknologi
- stiloverføring
- stokastiske papegøyer
- store språkmodellar
- strategisk underprestasjon
- superintelligens
- syntetiske data
- tekoligark
- teorien om det daude internettet
- token
- transformer
- unimodal
- vibbekoding
antropomorfisering
eng anthropomorphism
å tilleggje teknologi som KI-system eller robotar menneskelege eigenskapar, kjensler, intensjonar og åtferd
Menneskelege trekk kan gjere system enklare og meir intuitive å samhandla med, men kan òg føre til forvirring dersom ein (feilaktig) trur at ein samtalebott kan tenkje, kjenne eller forstå personen han samhandlar med.
bias
eng bias
systematiske skeivheiter i eit KI-system som kan påverke resultata modellen produserer
Skeivheiter kan mellom anna oppstå som følgje av utvalet av treningsdata, korleis modellen er utvikla og trena, eller korleis han vert brukt. Det kan føre til at einskilde grupper eller perspektiv systematisk vert handsama ulikt. Det kan òg føre til at modellane genererer feilaktig, partisk eller diskriminerande innhald.
ChatGPT
ein KI-basert samtalebott utvikla av OpenAI
ChatGPT vart lansert i november 2022 og byggjer på OpenAIs GPT-modellar.
dataforgifting
eng data poisoning
manipulering av treningsdata som gjer at ein KI-modell lærer feil, utviklar skeivheiter eller vert meir utsett for åtak
Dataforgifting kan førekomme både i datainnsamlinga og i sjølve treningsprosessen.
digital førestillingsevne
eng digital imagination
evna til å førestille seg korleis digitale teknologiar kan brukast på nye måtar i arbeid, tenester og samfunn
Uttrykket er mellom anna teke i bruk av Kompetansebehovsutvalet, som skildrar digital førestillingsevne som ein nødvendig kompetanse for at Noreg skal lukkast med digital omstilling.
direkte instruksjonar
eng zero-shot prompting
når ein skriv ein instruksjon utan døme og språkmodellen genererer eit svar basert på data han allereie er trena på
Dette er den enklaste forma for instruksjon. Sjå òg instruksjonar med eitt døme og instruksjonar med fleire døme.
dritifisering/skitifisering
eng enshitification
gradvis forringing av digitale tenester eller plattformer som følgje av selskapa sitt ønske om å maksimere brukarengasjement og profitt
Uttrykket vart først teke i bruk av forfattaren Cory Doctorow. Dritifiseringa skjer ofte stegvis. Først vert du lokka inn med gode (og ofte gratis) tenester. Seinare vert tenesta tilpassa til fordel for betalande brukarar. Til slutt fell kvaliteten for alle, medan selskapa maksimerer fortenesta.
finjustering
eng fine-tuning
ein teknikk der ein allereie førehandstrena språkmodell vert trena vidare på eit mindre, spesialisert datasett for å tilpasse visse oppgåver eller bruksområde
Ein språkmodell kan til dømes finjusterast på domsavgjerder for å oppsummere rettspraksis og gje juridiske råd, eller på helsedata for å finne samanhengar i helsejournalar og stille diagnosar.
flyttalsoperasjonar per sekund
eng floating point operations per second (FLOPS)
måleining for ytinga til ein datamaskin, oppgjeven som flyttalsoperasjonar han kan utføre per sekund
Høg FLOPS-verdi tyder stor reknekapasitet, noko som er viktig for trening og bruk av avanserte språkmodellar og annan generativ KI.
førehandstrening
eng pre-training
den innleiande fasen for trening av ein språkmodell, der modellen lærer generelle mønster og samanhengar
Modellen vert trena på store mengder data og lærer å føreseie neste del av teksten. Slik lærer han statistiske mønster og strukturar i språket før han eventuelt vert finjustert for visse føremål.
forsterka læring med menneskeleg tilbakemelding
eng reinforcement learning from human feedback (RLHF)
ein teknikk for å tilpasse ein KI-modell ved å bruke menneskeleg vurdering av svara til modellen som tilbakemelding i treninga
Menneske vurderer eller rangerer ulike svar frå modellen. Desse vurderingane vert brukte til å trene modellen til å gje svar som i større grad samsvarar med menneskelege preferansar og forventningar, til dømes om kva som er nyttig, relevant eller trygt.
framveksande eigenskapar
eng emergent abilities
eigenskapar som vert synlege når ein KI-modell vert skalert opp
Det kan til dømes vere at ein språkmodell brått vert monaleg betre til å løyse visse typar matematikkoppgåver når han når ei viss storleik. Det er likevel omstridt om slike eigenskapar faktisk oppstår brått, eller om dei kan koma av gradvise forbetringar som først vert synlege når dei vert målte på ein viss måte.
fritert (kokt) hjerne
eng brain fry
mental utmatting forårsaka av KI-bruk i eit omfang som overstig den kognitive kapasiteten til brukaren
generativ kunstig intelligens
eng generative artificial intelligence
KI som kan generere nytt innhald, som til dømes tekst, bilete, lyd, video og programkode
Generativ KI lærer mønster og samanhengar frå store mengder treningsdata og bruker dei til å produsere nytt innhald som svar på ein instruksjon.
grunnmodellar
eng foundation models
store, førehandstrena KI-modellar som kan tilpassast til mange ulike oppgåver og bruksområde
Dei vert kalla grunnmodellar fordi dei fungerer som eit grunnlag som mange ulike KI-system og tenester kan byggjast vidare på.
hallusinasjon
eng hallucination
når eit KI-system produserer innhald som verkar truverdig, men som er gale eller oppdikta
Språkmodellar genererer tekst ut frå statistiske mønster i data og kontrollerer ikkje om informasjonen dei produserer, er sann. Dei kan difor dikte opp fakta, kjelder eller referansar.
hjerneròte
eng brainrot
mental sløvheit og nedsett konsentrasjonsevne på grunn av overdriven eksponering for digitalt innhald av låg intellektuell verdi på nett
Det engelske ordet brainrot vart kåra til årets ord i 2024 av Oxford University Press. I 2025 vart meme-varianten Italian brainrot populær. Dette fenomenet er kjenneteikna av absurde KI-genererte skapningar med pseudo-italienske namn og uttrykk. Vert òg omtalt som digital hjernetåke.
instruks
eng prompt
tekst, kommando eller annan informasjon som vert gjeven til ein KI-modell for å styre kva han skal gjere eller generere
Ein instruks kan mellom anna innehalde eit spørsmål, ei oppgåve, bakgrunnsinformasjon eller døme på ønskt resultat. Utforming av instruksjonar for å oppnå betre resultat vert omtalt som «effektiv instruksjonsutforming» (på engelsk prompt engineering).
instruks med eitt døme
eng one-shot prompting
ein instruks der ein gjev eitt døme på ønskt svar, brukt i meir komplekse situasjonar eller når svaret skal oppfylle spesifikke kriterium
Det valde dømet rettleier språkmodellen slik at han genererer eit ønskt svar. Sjå òg direkte instruks og instruks med fleire døme.
instruks med fleire døme
eng few-shot prompting
ein instruks der ein gjev fleire døme på ønskt svar, brukt når eitt døme ikkje er nok
Dei valde døma hjelper modellen å forstå konteksten betre og levere meir presise svar. Sjå òg direkte instruksjonar og instruksjonar med eitt døme.
KI-agent
eng AI agent
KI-system utforma for å utføre ei viss oppgåve eller eit visst sett av oppgåver på eiga hand
KI-avkleding
eng AI undressing
KI-basert manipulering av bilete eller videoar for å framstille personar nakne eller i seksualiserte situasjonar
Fenomenet vert rekna som ei form for djupforfalsking (deepfake) og har aktualisert debattar om seksuell trakassering og personvern. Tenesta Grok har fått mykje kritikk for å tillate generering av seksualiserte bilete av kvinner og barn.
KI-samtalebottar
eng AI chatbots
KI-tenester utvikla for dialog med menneske
I motsetnad til tradisjonelle samtalebottar, som i stor grad er baserte på førehandsdefinerte reglar og svar, kan KI-baserte samtalebottar tolke førespurnader, vurdere samanhengar og generere svar tilpassa den einskilde. Mange KI-samtalebottar kan søkje på nett, uttrykkje empati og hugse tidlegare samtalar.
KI-bløff
eng AI bluffing
når eit KI-system framstiller eigne evner som betre enn dei eigentleg er
Uttrykket vert brukt i samband med testing av kapasitetane og evnene til KI-modellar, og viser til det motsette av strategisk underprestasjon (på engelsk sandbagging), som går ut på at systema underpresterer for å få belønning.
KI-generert jobbskvip
eng AI workslop
KI-generert innhald på arbeidsplassen som ser profesjonelt ut, men som held låg kvalitet og er til lite nytte
Arbeidsskvipet kan vere alt frå tekst og kode til KI-agentar som genererer unyttige resultat. Konseptet vart skildra av Harvard Business Review, og spelar på uttrykket KI-skvip (på engelsk AI slop).
KI-individualisme
eng AI individualism
individualisme som oppstår når menneske i aukande grad bruker KI-tenester til å fylle sosiale funksjonar som tidlegare vart dekte av mellommenneskelege relasjonar
Uttrykket vart først teke i bruk av norske forskarar for å skildre verknadene av at menneske i aukande grad bruker KI-tenester som personleg rådgjevar, diskusjonspartnar, ven, kjæraste og liknande. Ifølgje forskarane kan auka bruk av KI-samtalebottar kome til å gjere menneske mindre avhengige av samhandling med andre menneske, og dermed føre til meir individualisme.
KI-psykose
eng AI psychosis / AI-induced psychosis
tilstand som kan oppstå når personar utviklar eller får forverra vrangførestillingar, paranoia eller andre psykoselignande symptom ved bruk av KI-samtalebottar
KI-skvip
eng AI slop
KI-generert innhald av låg kvalitet som vert spreidd på nett
KI-skvip vert òg omtalt som KI-søppel eller KI-sørpe.
KI-sverm
eng AI swarms
nettverk av KI-agenter som samarbeider, koordinerer og opptrer samla for å nå felles mål, ofte ved å etterlikne menneskeleg åtferd og operere relativt sjølvstendig på tvers av digitale plattformer
Vert ofte assosiert med avanserte cyberåtak og KI-drivne påverknadsoperasjonar.
KI-ven
eng AI companion / AI friend
KI-teneste som simulerer eit personleg tilhøve med brukarar og difor blir opplevd som ein ven
Felles for dei sosiale KI-tenestene er at dei alltid er tilgjengelege, på tilbodssida og ofte smiskande og stadfestande overfor brukaren.
kognitiv latskap
eng cognitive sloth / cognitive surrender
å overlate krevjande tankeprosessar til kunstig intelligens i staden for å utføre dei sjølv
Dette kan gje raske resultat av varierande kvalitet og samstundes svekkje læring, forståing og utvikling av eigne kognitive ferdigheiter.
kunstig generell intelligens
eng artificial general intelligence (AGI)
eit KI-system med evne til å lære, resonnere og nytte kunnskap på tvers av ulike oppgåver og område, på nivå med eller over menneskeleg intelligens
Medan dagens KI-system har avgrensa eigenskapar, viser kunstig generell intelligens til KI med meir generell kompetanse som kan nyttast på tvers av ulike oppgåver og område. Slike KI-system finst førebels ikkje. Det finst heller ingen allment godteken definisjon av kunstig generell intelligens, og det er usemje om kva som skal til for å oppnå det.
kunstig nærleik
eng artificial intimacy
kjenslemessig tilknyting, nærleik eller intimitet til KI-system, som samtalebottar eller virtuelle vener
Opplevinga kan gje ei kjensle av støtte og kontakt, men ekte gjensidigheit manglar fordi relasjonen er styrt av algoritmar og KI-system som simulerer menneskeleg åtferd, kjensler og relasjonar.
multimodal
eng multimodal
ein KI-modell som kan handsame fleire typar data, som tekst, bilete, lyd og video
Ein multimodal modell kan kombinere informasjon frå ulike datatypar. Han kan til dømes analysere eit bilete og svare på spørsmål om innhaldet, eller handsame både tale og tekst. Dette skil han frå ein unimodal modell, som berre handsamar éin type data.
nøktern KI
eng frugal AI
tilnærming til utvikling og bruk av KI der ein tek sikte på minst mogleg bruk av energi, data og rekneressursar utan at det går på kostnad av yting
merksemdsutvinning
eng attention fracking
utforming av digitale plattformer eller KI-system med sikte å maksimere tidsbruken og merksemda til brukaren ved hjelp av designgrep, funksjonar og algoritmestyring
Uttrykket fracking viser til ein metode i olje- og gassutvinning der ein skaper sprekkar i berggrunnen ved hjelp av høgt trykk for å utvinne olje og gass (på norsk ofte omtalt som frakturering).
overført læring
eng transfer learning
ein metode der kunnskap ein KI-modell har lært gjennom éi oppgåve eller eitt datasett, vert brukt som utgangspunkt for å løyse ei ny, relatert oppgåve
Overført læring gjer det mogleg å tilpasse ein eksisterande modell til nye oppgåver utan å trene ein ny modell frå botnen av. Dette kan redusere behovet for treningsdata, reknekapasitet og tid.
parametrar
eng parameters
vekter og skeivheiter i ein KI-modell som avgjer korleis modellen handsamar informasjon og produserer resultat
Gjennom trening vert parameterverdiane justerte slik at modellen lærer mønster i treningsdataa. Talet på parametrar seier noko om modellen sin kapasitet til å lære komplekse mønster, men fleire parametrar gjev ikkje alltid ein betre modell.
prosessering av naturleg språk
eng natural language processing
sjå språkteknologi
samsvarsproblemet
eng the alignment problem
utfordringa med å sikre at eit KI-system ter seg i samsvar med menneskelege verdiar, intensjonar, mål og preferansar
Å løyse samsvarsproblemet inneber å handtere og redusere risikoen for at systemet ter seg skadeleg eller uføreseieleg, anten på grunn av dei måla det er programmert med eller fordi systemet mistyder desse måla.
smiskande KI
eng sycophantic AI
KI-samtalebottar som tilpassar svara sine til det brukaren ønskjer å høyre, ofte gjennom å vere ettergjevande, smiskande, stadfestande eller ukritiske i staden for å gje nøkterne eller gjennomtenkte svar og vurderingar
sperrer
eng guardrails
tekniske eller organisatoriske avgrensingar som skal styre korleis eit KI-system kan brukast og kva det kan generere
Ei sperre kan samanliknast med eit autovern på ein motorveg som definerer breidda på vegen og hindrar køyretøy i å svinge utfor. Slike sperrer kan fungere som tryggingstiltak som sikrar at KI-system opererer innanfor definerte grenser og følgjer visse reglar eller prinsipp. Dei kan medverke til å hindre at systema produserer skadeleg, partisk eller uønskt innhald eller prediksjonar.
språkteknologi
eng natural language processing
eit breitt felt innan datavitskap og lingvistikk der ein fokuserer på samspelet mellom datamaskinar og menneskeleg språk
Feltet omfattar både skriftleg og munnleg språk og dekkjer teknikkar og oppgåver som språkforståing, språkgenerering, maskinomsetjing, taleattkjenning, tekst-til-tale-system, tekstklassifisering, samtalebottar, sentimentanalyse og automatisert tekstgenerering. Orda språkteknologi, språkteknikk og prosessering av naturleg språk vert ofte brukte om kvarandre.
stiloverføring
eng style transfer
metode der generativ kunstig intelligens vert brukt til å overføre stil eller uttrykksform frå ei kjelde til ein annan type digitalt innhald
I samband med bilete kan det til dømes gå ut på å generere ein illustrasjon med uttrykk frå ei viss kunstretning eller ein viss kunstnar, gjennom fargar, tekstur og penselstrøk. I tekstsamanhang Kan det gå ut på å skrive om til ein viss tone, sjanger eller språkleg stil. Ordet vart særleg kjent gjennom «Studio Ghibli-bølgja», der KI-verktøy vart brukte til å generere bilete inspirerte av dei japanske animasjonsfilmane.
stokastiske papegøyer
eng stochastic parrots
ein kritisk metafor for språkmodellar, som peiker på at dei kan produsere overtydande språk ved å gje att statistiske mønster i treningsdataa utan å forstå innhaldet slik menneske gjer
Omgrepet vart introdusert av forskarane Emily Bender, Timnit Gebru, Angelina McMillan-Major og Margaret Mitchell i 2021. «Stokastisk» viser til at språkmodellar bruker sannsyn når dei genererer tekst, medan «papegøye» viser til evna til å gje att språk utan menneskeleg forståing.
store språkmodellar
eng large language models
KI-modellar som er trena på svært store mengder tekst for å handsame og generere naturleg språk
Store språkmodellar lærer statistiske mønster og samanhengar i treningsdataa og bruker dei til å føreseie og generere tekst. Modellane kan mellom anna svare på spørsmål, oppsummere og omsetje tekst og generere nytt innhald.
strategisk underprestasjon
eng sandbagging
når eit KI-system presterer dårlegare enn det er i stand til, for å skjule evnene sine under testing og evaluering
Slik systemåtferd kan oppstå når systemet får påskjøning for visse resultat, og det å skjule evnene sine er ein effektiv strategi for å få påskjøninga. Slik åtferd i KI-system er det motsette av strategisk KI-bløff (på engelsk AI bluffing).
superintelligens
eng superintelligence
teoretisk idé om ein type intelligens i maskinar som overgår menneskeleg intelligens på alle eller dei fleste område, og som kan løyse komplekse oppgåver innan vitskap, fysikk, teknologi, strategi og kreativitet raskare og betre enn menneske
Det finst mange ulike definisjonar av superintelligens, både av kva det inneber, og når og korleis det eventuelt kan oppstå. Ekspertane er òg usamde om superintelligens i det heile er mogleg. Visjonen om superintelligens er nærare skildra i Teknologirådet sin rapport Superintelligens, makt og menneskerettar.
syntetiske data
eng synthetic data
kunstig genererte data som etterliknar eigenskapar og mønster i verkelege data
Syntetiske data kan vere tekst, bilete, lyd, video eller strukturerte data, og kan mellom anna brukast til å trene og teste KI-modellar. Dei kan redusere behovet for å bruke verkelege data, til dømes når slike data er sensitive, dyre eller vanskelege å få tilgang til.
tekoligark
eng tech oligarch
eigar av teknologiselskap som har stor grav av kontroll over den digitale teknologien og dermed stor politisk og økonomisk innverknad
Språkrådet kåra tekoligark til årets ord i 2025.
teorien om det daude internettet
eng the dead internet theory
teorien om at internett gradvis døyr fordi menneskeleg aktivitet vert skifta ut med automatiserte bottar, algoritmar og KI-generert innhald
Teorien oppstod som ein konspirasjonsteori på slutten av 2010-talet, men har fått fornya aktualitet med framveksten av generativ KI og KI-agentar, som gjer det lettare å masseprodusere innhald og etterlikne menneskeleg aktivitet på nett.
token
eng tokens
mindre einingar av tekst som ord, stavingar, bokstavar eller teikn som språkmodellar bruker for å «forstå» og generere tekst
Kor mange tokens eit ord vert delt inn i, er avhengig av kor vanleg eller kjent ordet er for modellen. Korte og vanlege ord kan utgjere eitt token, medan lengre eller uvanlege ord ofte vert delte opp i fleire. Talet på token vert òg brukt til å måle kor mykje tekst ein språkmodell kan handsame på ein gong (det såkalla kontekstvindauget til modellen) og til å rekne ut kostnaden med bruk av mange KI-tenester.
transformer
eng transformer
ein type nevralt nettverk som kan finne og vekte samanhengar mellom ulike delar av dataa
Transformerarkitekturen vart introdusert av Google-forskarar i 2017 og har vorte grunnlaget for dei fleste moderne store språkmodellar, mellom anna GPT-modellane. Arkitekturen gjer det mogleg å analysere korleis ulike delar av ein tekst heng saman, òg når ord eller uttrykk står langt frå kvarandre.
unimodal
eng unimodal
ein KI-modell som kan handsame éin type data, som tekst, bilete eller lyd
Ein unimodal modell kan til dømes handsame tekst for å klassifisere eller generere tekst, eller analysere bilete for å kjenne att objekt. Dette skil han frå ein multimodal modell, som kan handsame fleire typar data.
vibbekoding
eng vibe coding
arbeidsmåte i programutvikling der utviklaren i stor grad overlèt kodinga til eit KI-verktøy, basert på skildringar i naturleg språk
Uttrykket vart popularisert av KI-forskaren Andrej Karpathy i 2025.