Også Kina har synt at landet er villig til å bruke sin dominans i alt frå sjeldne jordartar til fornybar energi som brekkstong.

Dette har prega også Teknologirådets arbeid, med prosjekt som datasenter og digital autonomi i Noreg, superintelligens og makt, kapplaupet i verdsrommet og strategisk framsyn i møtet med nye usikkerheiter.

Årsrapporten kan du laste ned i PDF nedanfor: 

Rapport:

Årsrapporten til Teknologirådet for 2025: Teknologi i ein ny verdsorden

Last ned

Ein viktig ressurs for dette arbeidet har vore at det vart utnemnt nytt råd 1. januar 2025 med styrkt kompetanse nettopp innanfor kunstig intelligens, geopolitikk og digital tryggleik. Vi har lagt mykje vekt på utvikling av nye prosjekt med det nye rådet, og sett i gong fire nye prosjekt med ekspertgrupper som vil få hovudleveransar i 2026. I valåret har det òg vore stor utskifting på Stortinget, og vi har fått nytt styre for Stortingets teknogruppe.

Det har generelt vore stor etterspurnad etter analysane våre i 2025, og vi har haldt ei rekkje innlegg og presentasjonar for politikarar, avgjerdstakarar og ålmenta, arrangert møte og skrive nyheitsbrev og blogginnlegg, i tillegg til oppslag i media.

Rådet har vidareført arbeidet som sekretariat for Stortingets teknogruppe og gitt råd til representantar, komitear og stortingsgrupper og dessutan innspel til regjeringa både skriftleg og munnleg.

Oppgåva til Teknologirådet er å vurdere den teknologiske utviklinga og kva ho kan få å seie for samfunnet. Vi meiner at rådet samla sett og i forhold til disponible ressursar har hatt høg måloppnåing i 2025.

Nyhetsbrev

Med nyhetsbrevet vårt får du med deg det siste innen teknologiutvikling