Hopp over innholdet

Fem spørsmål og svar om «fake news»

Artikkelen tilhører Den neste økonomien, postet 26. sep 2017

Åke Refsdal Moe
KONTAKTPERSON:

Åke Refsdal Moe

Falske nyhende er ikkje noko nytt, men med målretta spreiing i sosiale media kan konsekvensane bli mykje større enn før.

Dei siste månadene har Twitter-meldingane til USAs president jamnt og trutt inneheldt orda «fake news».

Men kva er eigentleg «fake news», korfor er det eit problem og korleis kan ein gjera noko med det? 

1. Kva er fake news?

Som oftast blir det definert som medieinnhald som har som intensjon å leia lesaren på villspor.

Det handlar i hovudsak om innhald som enten er oppdikta, eller innhald kor fakta og fiksjon er blanda.

Falske nyhende har vore med oss sidan pressens barndom. Det nye no er korleis internett og digitaliseringa gjer det mogleg med mykje større og meir målretta spreiing.

Dei siste ti åra har framveksten av sosiale media gjort at dei som vil spreia falske nyhende, kan gjera det mykje lettare og billigare enn før. Facebook har også blitt ei stadig viktigare kjelde til nyhende for folk flest. Det har også blitt stadig enklare og billigare å laga nettsider. Dette har ført til demokratisering, men også gjort det enklare for dei som vil driva med manipulering av nyhenda. På Facebook er det fleire døme på usanne nyhendeartiklar som har fått veldig stor rekkevidde.

Og på Twitter er «bots» ei problemstilling. Det er rekna at det finst over 20 millionar aktive bots. Såkalla bots er dataprogram som gjer ei automatisert oppgåve. Ein enkel bot kan til dømes vera programmert til å retweeta alle tweetar til ein bestemt brukar.

Nokre bots er nyttige, mens andre blir brukte til å spreia falske nyhende eller gå til åtak på politiske motstandarar.

Også Google kan manipulerast til å framheva falske nyhende. Til dømes då Teknologirådet 7. august googla «Is Holocaust real» kom det ei holocaust-nektande sida heilt på toppen som resultat. Den 26. september kom den same sida på plass to.

2.Kva typar falske nyhende finst?

I hovudsak er falske nyhende motivert enten av pengar eller politiske interesser.

I samband med USAs presidentval i 2016 blei «fake news» ein stor del av mediedebatten. Fleire falske nyheitssaker gjekk viralt på sosiale media. Skuldingar om løgn florerte, og det gjorde også løgnarar. Donald Trump har blitt tatt i løgn mange gonger. Ein journalist i New York Times hevda at han under ein av debattane laug om over 20 ulike saker.

Ein annan form for falske nyhende er rein profittbasert. Mange personar som ikkje har noko anna interesse enn profitt, fann i 2016 ut at dei kunne tena pengar på å laga sensasjonelle falske nyhende. Ved å laga falske nyhende som så blei delt i stort omfang på sosiale media, kunne dei håva inn gode pengar på annonser. Berre i Makedonia var det over 100 slike nettstader, noko du blant anna kan lesa om i denne saka frå Wired.

Det har også vore hevda frå fleire kjelder at Russland prøvde å påverka presidentvalet i USA i fjor. Og ifølgje Washington Post har fleire av dei Russland-kjøpte annonsane som Facebook skal overlevera til den amerikanske kongressen, vore retta mot minoritetsgrupper. Mens andre annonser har åtvara mot at dei same gruppene utgjer ein politisk trussel. Avisa skriv at motivet kan ha vore å utnytta splittinga i det amerikanske samfunnet.

3. Kva påverknad kan falske nyhende ha?

Sjølv om falske nyhende ikkje er noko nytt, kjem det gjerne endå tettare på når det dukkar opp i Facebook-nyhendestraumen din. Faren for å bli lurt kan vera større enn før. Men på same tid vil ein, iallfall i eit land med ytringsfridom, ha tilgang på mange ulike kjelder, og dermed få korrigert den falske informasjonen.

Rapporten  «Online information and Fake News» frå vår samarbeidspartnar POST i Storbritannia viser til ei undersøking kor 39 prosent av dei som blei spurt, svarte at dei var veldig sikre på at dei kunne kjenna igjen falske nyhende. Men ei anna undersøking viser at i eit eksperiment var det berre 4 prosent som faktisk klarte å skilja ein falsk nyheitssak frå ekte.

Det var i samband med USAs presidentval i 2016 at debatten om falske nyhende tok ordentleg av, men i ei studie gjort ved Stanford University peikar forskarane på kor lite truleg det er at falske nyhende faktisk var grunnen til at Trump blei valt til president.

Likevel, falske nyhende verkar på altfor mange. I Noreg finnest det fleire Facebook-grupper kor det blir hevda ulike konspirasjonsteoriar – mellom anna at det finst ein hemmeleg plan om å islamisera Europa. Dette kan gjera at lett påverkelege personar igjen kan komma til å tru på dette, og i verste fall ty til vald. Ny-nazistars tru på at «jødane» eigentleg styrar verda er eit anna døme. Slike konspirasjonsteoriar er lettare å spreia no enn før, takka vera nettet og sosiale media.

Eit nyleg og konkret eksempel frå USA handlar om «Pizzagate». Rykte gjekk på at det var ein pizzarestaurant i Washington DC, kor Hillary Clinton stod bak satanisme, drap og seksuelle overgrep mot små ungar. Ja, du las rett. Konspirasjonsteorien nådde veldig mange menneske, og det var til slutt ein som ville gjera noko for å redda desse barna. Så han køyrde frå North Carolina til Washington for å redda dei misbrukte ungane han trudde var gøymt i tunnellar under pizzarestauranten.

Han kom inn på restauranten, kraftig væpna, og leita etter ungane. Men han fann ikkje nokre barn. Det endte med at han avfyrte eit skot, rett nok utan å skada nokon. Han blei så pågripen av politiet.

4. Korleis falske nyhende blir motarbeidd

Tyskland har truleg gått lengst for å gjera noko med falske nyhende, då dei i sommar vedtok ei lov som var direkte retta mot Facebook og andre store sosiale media. Bøter på opp mot 50 millionar euro kan bli gitt om dei store sosiale media-selskapa ikkje fjernar «openbert ulovleg» materiale innan eit døgn. Det gjeld til dømes hatefulle utsegn og ærekrenkande falske nyhende.

I Noreg har kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) bedt Medietilsynet gjera ei undersøking om folks forhold til falske nyhende.

Men det er ikkje berre styresmaktene som har sett i gang tiltak. Fleire norske mediehus har starta faktisk.no som har som oppgåve å korrigera falske nyhende. Også Facebook og Google har sett i gong fleire tiltak, inkludert å legga inn funksjonar kor brukarane kan rapportera om «fake news».

Og ikkje nok med at du ikkje alltid kan stola på det du les, men det er ikkje sikkert du framover kan stola på det du ser og høyrer heller. Noko videoen under her viser.

5. Kva er filtrering, ekko-kammer og filterbobler?

Det er ikkje tilfeldig at du får andre topp 10-treff på Google når du søker på eit tema enn kva kameraten din gjer, eller at han får andre ting enn deg i nyheitsstraumen på Facebook frå felles venner.

Dette blir kalla persontilpassing eller filtrering. Det skjer ved hjelp av algoritmar som brukar informasjon om kva du har søkt på, lenker du har trykka på eller anna info Facebook og Google har lagra om deg. Målet med filtrering er at folk skal få informasjon som er relevant for dei.

Her kan du lesa meir om kva ein algoritme er: Kunstig intelligens – teknologien som lærer deg å kjenne

To problemstillingar er knytt til filtrering: Ekko-kammer og filterboble.

Like barn leikar ofte best, og når du stort sett har sosial kontakt med folk som har like haldningar som deg sjølve, er det avgrensa kor ofte du blir utfordra på meiningane dine. Når dette skjer på nettet, kan effekten blir forsterka.

Ein høgre-ekstrem person som les og skriv mykje på eit forum på ei ny-nazistisk nettside er utvilsamt i eit ekko-kammer, og det er eit problem.

Og sjå for deg at du har ein du kjenner kjem med masse rasistiske kommentarar på Facebook. Kanskje det ender med så mykje krangling at den eine blokkerer den andre. Då vil personen med rasistiske haldningar ha ein mindre å bryna sine fordommar på, og ekkoet i kammeret hans kan bli høgare.

Kort fortalt er ekko-kammer noko du sjølv oppsøker. Filterboble er noko som du hamnar i fordi til dømes Facebook vil at du skal få innhald som du har større grunn til å lika og klikka på.

Ta to filterbobledøme – Om du i den norske valkampen fekk veldig mange postar som var anti-Listhaug, er det grunn til å tru at du er på venstresida av politikken og/eller har mange venner på venstresida. Og vice versa, om du fekk mange pro-Listhaug-postar i nyhendestraumen din.

Ekkokammer er utvilsamt eit problem, men forskarar er usamde om kor stort problem filterboble er.

Nokre studiar viser at algoritmar, som i seg sjølve er politisk nøytrale, kan føra til at enkelte brukarar får mindre informasjon som utfordrar verdssynet deira. Mens andre studiar meiner det ikkje er noko prov for at filterbobler skadar demokratiet. Ei undersøking frå 2016 i USA viste at dei fleste som blei spurte, opplyste at det var ulike politiske syn hos Facebook-venene deira.

Teknologirådet har mange partnarar gjennom organisasjonen EPTA (European Parliamentary Technology Assessment). Vår samarbeidspartnar i Storbritannia POST,(Parliamentary Office of Science & Technology) har vore inspirasjon og ein god kjelde til denne saka med rapporten «Online information and Fake News» .

Vi tilrår også desse sakene:

Ny rapport: Slik kan den nye velferdsstaten bli

Kunstig intelligens i velferdsstaten

Solrevolusjonen og hva den kan bety for Norge

LES OGSÅ

Teknoetikk på Cinemateket: The Social Network og samtale om Facebooks makt

26. oktober kan du se filmen om Facebooks begynnelse og høre en samtale om hvor mye makt Facebook har fått.

Les hele saken »

Teknologirådet søker studentmedarbeider

Teknologirådet søker engasjert student til å delta i faglig spennende arbeidsmiljø.

Les hele saken »

Kronikk: Vi spurte nordmenn hvordan de håper fremtiden blir – her er svarene

Når vi spør folk om fremtiden, får de grønne visjoner. Men hvordan kan forskning hjelpe for å få en slik fremtid?

Les hele saken »