Briten Calum Handforth har studert korleis Noregs digitalisering er blitt gjort samanlikna med korleis tilstanden er i Singapore og Estland.

Det baltiske landet er særleg kjent for å vera langt framme i den teknologiske utviklinga. I Estland røysta for eksempel nesten kvar tredje velgar over nett ved parlamentsvalet i 2015. Det er og mogleg å bli «e-statsborgar» i landet. Singapore er også på fleire område eit føregangsland, og dei blei i fjor i ein rapport frå WEF kåra til å vera i tet på vegen til ein digital økonomi. Landet har også planar om å testa ut ein digital valuta.

Under eit ope møte i regi av Teknologirådet i Oslo førre veke, gav Handforth nokre smakebitar frå rapporten han skriv etter å ha besøkt Noreg, Singapore og Estland. Heile rapporten kan du lesa her.
Briten var og i samtale med Teknologirådets direktør Tore Tennøe og fyrsteamanuensis og sosiolog Cathrine Holst frå Universitetet i Oslo.

Skryt og oppmodingar

Briten peika på at folk måler offentlege tenester opp mot private digitale tenester, og då kan ein ikkje berre slenga noko saman, når folk er vande med gode, intuitive private tenester.

Handforth gav masse skryt til korleis Noreg om kva vi har gjort på vegen mot eit endå meir digitalisert samfunn – mellom anna Skatteetatens arbeid. Handforth trekte også fram at nordmenns store tiltru til staten, er eit stort pluss for digitaliseringa.

På spørsmål om kor Noreg har noko å gå på, var Handforth forsiktig med å komma med kraftig kritikk. Men han meiner at færre utgreiingar og stortingsmeldingar, men i staden fleire pilot-forsøk og eksperiment kan vera vegen å gå. Korfor diskutere ting i det uendelege, når ein kan prøva å finna ut korleis noko fungerer?

Handforth meiner og at det ikkje er ideelt at nordmenn må kommunisera med staten på forskjellige digitale plattformar, som både via Altinn og dei nye digitale postkassane. Og det store talet på norske kommunar, meiner briten er «skremmande».

– Men den store utfordringa tida framover er å bygga system og register som jobbar saman. Og styresmaktene treng å brukar mindre pengar på eksterne konsulentar og gjera meir sjølv, seier mannen som sjølv arbeider som konsulent.

Teknologirådets direktør Tore Tennøe er samd med Handforth.

– Når vi får digitale tenester, kan også det offentlege eksperimentere mykje meir for å utvikle seg. I det digitale får du raske svar til låge kostnadar, og ein kan skalera opp fort.

 

Kan ein byrja om igjen?

Estland, som har sine utfordringar, er på mange måtar langt føre Noreg digitalt. Men «e-Estland» hadde ein «fordel» etter at Sovjetunionen kollapsa – landet måtte starta frå «scratch».

– Ideelt sett burde kanskje Noreg gjort det, men det er på same tid umogleg, fordi det er så mange system i gang allereie, held Handforth fram.

Estland har også planar, som følgje av det landet meiner er ein russisk trussel, å laga ein virtuell kopi, altså backup, av seg sjølv i eit datasenter i Storbritannia.

Singapore har som Noreg hatt mykje pengar, og Handforth meiner at folk flest i Singapore ikkje bryr seg så mykje som nordmenn om å delta i utforminga av korleis tenesten fungerer.

– Det folk i Singapore bryr seg om, er at tenesta faktisk fungerer.

Singapore er på papiret eit parlamentarisk demokrati som Estland og Noreg, men har i praksis fungert som ein eittparti-stat kor den personlege fridomen er mindre enn i dei fleste andre rike land.

Heile rapporten til Handforth kan du lesa her.

Fortalde også om «dulting»

Calum Handforth snakka og om arbeidet han har gjort med såkalla nudging, eller dulting på godt norsk. Det handlar om å gi små, subtile dult eller vink som kan endra åtferd i ønska retning. Eit klassisk eksempel er at ein i kantiner set den sunne maten i augehøgde, mens den usunne ikkje er så lett å få auge på.

På spørsmål om Handforth meiner Noreg, som Storbritannia, burde ha fått seg eit «dulte-direktorat», svarer han at alle burde sjå på det.

– Det vil ikkje løysa grunnleggande problem som klimaendringar, men det kan gjera noko på mikronivå. Og i Storbritannia har det gitt gode resultat som at folk betaler meir skatt, seier han.

Han fortalde også om eit eksperiment i Storbritannia kor ein politistyrke i England berre sendte krimteknikarar til postadresser med partal, mens dei ikkje gjorde det til postadresser med oddetal.

Målet var å sjå kor mykje verdi slike krimteknikarar hadde i etterforskning av innbrot.

Dette forslaget fekk kraftig kritikk, og mykje merksemd i den britiske pressa. Leicestershire-politiet fortalde i etterkant om resultata som viste at å senda krimteknikarar til hus som hadde hatt innbrot, ikkje bidro særleg til auka oppklaring.

Eit eksempel på digital dulting er frå Singapore. På enkelte t-banestasjonar har dei sørga for at signalet for trådlause nettverk er svakare ved rulletrappene, fordi folk ikkje skal samla seg der.

 

 

Nyhetsbrev

Med nyhetsbrevet vårt får du med deg det siste innen teknologiutvikling